7.-9. februar 2025

Midtvinterdansen (MVD) er ein nordisk folkemusikkfestival for barn og unge som blir arrangert kvart år medio februar i Verdal. MVD består av kurs, konsertar og sosialt samvær.

​Kursdelen er primært for fele, men det er også deltakere som spiller andre instrument som f.eks. cello, bratsj, gitar, bass, trekkspell og tangent. Alle kursdeltakarane får undervisning i song og dans. ​

Det er 3 konsertar – opningskonsert fredag kveld, konsert med påfølgande dans laurdag kveld – og avslutningskonsert, "Folkemusikkgalla", søndag.

MVD har kvart år 250-300 deltakarar – dei fleste frå Midt-Noreg, men har alltid også deltakarar frå Sverige (ca. 50 dei siste åra), ofte frå Finland, dei siste åra også frå Danmark – og har og hatt grupper og instruktørar frå Latvia, Estland og Tyskland.

MVD har ca. 30 instruktørar /artistar frå dei respektive landa.